Speedometer slutta å virke, og varsling om lite diesel kjem

Caravelle/Multivan/Transporter 1991-2003
Post Reply
Frode Sundnes
Posts: 1
Joined: 19 Jul 2019, 22:15
Car: T4 lang 2,5tdi 2000mod
Phone: 41272424

Speedometer slutta å virke, og varsling om lite diesel kjem

Post by Frode Sundnes »

Hei!
Har lest her om dette problemet før og søker kyndig hjelp.
Etter ein kort stopp i Oslo fredag på veg heim til sunnmøre, ville ikkje speedometeret virke på min 2000mod T4 2,5tdi (lang). I tillegg gjekk drivstoffnåla bananas og varsel om lite drivstoff hylte. Dette synte seg etterkvart var berre når eg svinga venstre. Rett fram og høgresvinging gjekk fint. ( Vart stille med full tank :)

Las her inne at dette mest truleg har med instrumentet å gjere, og då loddingene på printkort(a) som har løsna. Stemmer dette? Kan det vere andre ting? ( digitalt speedometer ja)

Nokon som veit om stadar ein eit kan få lodda dette? Bur i Ørsta/sunnmøre.

På førehand takk.
Post Reply