får ta da frå børjan; Eg driv med luftkjølt vw. handlar bilar i alle krokar av landet og styrer på med restaureringar og oppussing etc. henting av bil med tralla sett jo litt krav til trekkbilen pga vekter lover å reglar.. så når me har henta bilar so er det passaten til fattern som har vorte brukt.. fattern e ikkje so begeistra fø all den bilhentinga og vill igrunn ikkje låna vekk bilen.. no fekk eg då lappen i februar å har ragga bobla sidan.. eg har jo lenge hatt plana om å laga te ein grom trekkbil for henting og transport av deler men det viste jo seg da att den beste luftkjølte bayen ikkje klarar å dra meir enn aller max 1500kg med T4 motor og ein solskinnsdag.. ein kjapt reknestykke seier att tyssetralla = 650kg + baybuss(tyngste bilen som er aktuell å henta) = 1350kg =2tonn trekkkraft/hengarvekt.. mao baybuss kunne ikkje brukast desverre
sooo ettersom luftkjølt ikkje var brukande nok so måtte eg sjå over bekken etter vatn:) Andre merker er uaktuelt med mindre det er snakk om 20-50tals amrikansk lastebil..og sidan det er vanskelig so vart det då i all hovedsak T3 som gjaldt, pga att noko nyare e uaktuelt..
da eg prøver å komma til poenget i, er att eg har kjøpt meg ein T3 syncro 87modell. Etter sigande er den EKSTRA terrengbygd frå fabrikk. Har leitt ei go stund etter den rette bilen og endeleg dukka da opp noko som samsvarte med mine ønsker OG mi serdeles svekka setlabok...
Turen gjekk til Lavik i ytre høyanger i sogn. Veret var fint heilt til me kom til lavik hehe
Vel framme fant me ein kjekk bil i grøftekanten og ein hyggeleg selgar og sonen hans som eg har kommunisert med. Bilen er altso ingen bil, men ein buss. minibuss faktisk. registrert for 10 personar med sine 8 sitteplassar(!??!) Todelt med gul/kvit. Kurant utstyrt som da eg vil kalla ein meir lukseriøs t3 buss. kjem med M kodar og utstyr etterkvart.
Litt historikk;
Bilen vart kjøpt ny i 87 av ein kar ifrå Hyllestad i sogn. faktisk den fyrste millioneren i distriktet! Han brukte bilen fram til 93, etter det eg har funnet ut. Og på dei 6 åra kjøyrde han bilen ca 135 000km Deretter so vart bilen kjøpt av ein kar frå Hellebø ikkje langt frå Hyllestad. og han brukte den fram til 2009/2010 ca. Han var ganske glad i bilen og dermed vart det tilbakelagt ca 245 000km på dei ca 16årene. Sidan den av ein eller an grunn er registrert som minibuss so er det eu kontroll kvart år. Forrige eigar har vert ganske påpasseleg med dette og det var derfor ein stor overaskelse å finna samtlige kontrollseddlar frå 94 og fram til siste kontroll
Bilen vart levert ny frå Berge & Co i Førde. Eg er 3. eigar og bilen har gått rundt 380 000
Grunnen til att bilen vart avskilta i 2009/10 var den at når han skulle fulla luft i dekka so hadde bilen stått på tomgang og so hadde plutseleg ein vannslange hoppa av. dette førte til eit voldsomt oppkok av damp under bilen og opp i motorrommet(reknar med vatnet traff eksosen) Bilen vart akutt sløkkt. Eit par dagar seinare var lekkasjen tetta men då ville ikkje bilen starta. det var forsøkt mykje å få liv i den men nada respons..då vart bilen satt vekk og ny bil(T4) dukka opp og.
Mine planar er som følger;
-Få liv i den
-gje den ein god service og vedlikehold det som treng det, inkl motoren
-Fiksa diverse småfeil og manglar
-Få orden på den verste rusta(alvorleg lite, i mine auger)
-og so få den godkjent, registrert som personbil og montera dei flotte TV skilta
-Hiva ut innredning baki og reisa avgårde å henta deler og anna
Framtidige planar på sikt;
-Setta på 2 tonns hengarfeste og ta BE lappen
-Gjera den 100% rustfri
-overhala org motor med litt ekstra oppfrisking(reservemotor)
-gjennomføra den i ein slags trekkvogn stil... takgrind i fullengde, truck-speglar, litt meir ekstralys, muligens stege bak og feste til ekstrahjul utvendig, større dekk ETC ETC
Sånn, då var mykje av skriveriet i boks. bilder får me ta imorgo vist dataen fortsatt er oppegåande då
mvh
Tistlo









































