Page 2 of 3

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 26 May 2011, 21:27
by Der Postmeister
Jeg ville vurdert TDi, men TDk er et MYE enklere prosjekt. Ikke så mye å hente på fart og spenning, men du har en med bedre bånndrag.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 09 Jun 2011, 16:02
by bestyraren
Litt framgang er det å spore her på bruket; nytt dørhåndtak er kome på plass, og låsen er smurt opp og fungerer igjen. Stod uten ein einaste fungerande lås her på seinvinteren men no er det kun ein som ikkje er på stell. Må kanskje krype til korset og plukke ut den låsen og for å få liv i den att samt å smøre den opp.

Rele med navnet 99 er kome på plass og det fungerer også tilfredstillande.

Vert berre betre og betre, dette :D

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 19 Jul 2011, 22:31
by bestyraren
Framgang i det siste.....

Fått bytta clutch og montert 2.5" rustfritt eksosanlegg frå Brickwerks. Tok meg endeleg tid til å montere det KN luftfilteret eg har hatt liggande eit halvårs tid og.

Image


Bilen vart berre meir og meir brun i plateskøyter så noko måtte gjerast:

Sliping av all lakkrust og på med Brunox.
Image

Litt grunning over Brunox'en samt maskering før alvoret begynner.
Image

Tataaa!
Image

Vart lakk med 20-glans, skulle gjerne hatt enno mattare men hovudsaken er at lakkrusta er stoppa for ei stund. Bilen ser i alle fall mykje betre ut no enn den gjorde før eg begynte. Noko skarpare farge som eg brukte ein dag eller så på å venne meg til men no er eg happy med den.

Tok meg og tida til å skvette litt Turtle Black polish på diverse plastdetaljer som var begynt å gråne. Gjorde seg det og :)

Er plutseleg klar for langtur.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 19 Jul 2011, 22:42
by avdem
Fornøgd med eksosen? Kva vart prisen?

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 19 Jul 2011, 23:09
by bestyraren
Å gå frå fri eksos til denne gjorde underverker for lyden. Greit lydnivå, og eg lever i villfarelsen om at det gir motoren betre vilkår for å tjene meg lydig når eg gir gass. Fortsatt standard JX så eg forventer ingen underverk.

Kjøpte den for ca 1 år sidan så eg hugsar ikkje den nøyaktige prisen. Pundet er lågt og postgangen til å stole på, så slå til. Ser dette anlegget ligg på like over 300 pund no, pluss frakt og norsk mva.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 19 Jul 2011, 23:59
by Der Postmeister
nå blei den jo rett så lekker! Flink mann! :)

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 20 Jul 2011, 00:28
by TaigAGreEn
Langtur = Nordlandstreff til helga?

Steike så bra det vart!

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 20 Jul 2011, 12:03
by Tur-Bo
Hva slags lakk brukte du ? Sprøyte? rull ?

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 20 Jul 2011, 13:57
by bestyraren
Vert nok ikkje tur nordover i denne omgang, kursen er staka ut sørover. Men kunne godt tenkt meg ein tur nordover att, kom ikkje lenger enn til Mo i Rana sist eg var i den retningen.

Bra er vel ein overdrivelse, men betre, det vart den :)

Vart Biltema sprøyte og industrilakk frå Tikkurila. Den skulle ha litt ruststopper i seg og, me får sjå. Problemet med gul er at den dekker svært dårleg. Skulle gjerne hatt ein sprøytekopp og to til, men det hadde eg ikkje.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 20 Jul 2011, 20:16
by avdem
Kjem eksosen med fleks-stykke mellom turbo og potta?

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 20 Jul 2011, 22:10
by bestyraren
avdem wrote:Kjem eksosen med fleks-stykke mellom turbo og potta?
Det gjer den

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 02 Sep 2011, 21:47
by Tistlo
Skjedd noko spennande på eventyrbilen eller?

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 05 Oct 2011, 10:39
by bestyraren
Tistlo wrote:Skjedd noko spennande på eventyrbilen eller?
Hei Tistlo, og alle andre entusiaster. Så mykje har ikkje skjedd på bilen men den har vore med på litt sidan sist.

Så fort lakken var omtrent herda var det å fylle bilen med div som det kan tenkast eg får bruk for på eit lengre opphald borte frå heimen og garasjen og så sette kursen sørover.

Image
Fortsatt regn...

Image
Regn OG kø utanfor Hamburg, her fungerte faktisk trafikkvarslerfunksjonen på GPS'en og losa meg utanfor det verste.

Første stopp vart i ein koseleg liten by i Tyskland, Herrenhof.
Image
Image

Etter kvart som eg kom sørover var været betre. Her er eg komen inn i Frankrike og traff faktisk ein likesinna på tur med familien sin.

Image

Fylte opp tanken i Frankrike berre for å finne ut at dieselen er ca 1,5 kroner rimelegare for literen her i Spania...

Kom då fram omsider Til Albir på Costa Blanca der eg skal bu det neste året og fasiten vart 3 liter kjølevæske og 1 liter olje fordelt over knappe 4000 kilometer. Begynte med snittfart på rundt 95 langs motorvegen men det likte ikkje motoren. Kasta ut litt kjølevæske frå den plastbiten på toppen som eg skifta lenger framme i tråden. (Skulle nok ha kjøpt ny O-ring og ikkje brukt den som eg hadde liggande og som såg ca ok ut...) Når marsjfarten vart sett til rundt 85 gjekk turen uten fleire uoverenskommelser mellom bilen og meg. Har brukt den her nede i Spania no i ca 2 månader og det har den ikkje protestert på.

Sidan årets utgåve av La Vuelta starta i Benidorm, kun 4-5 km frå her eg bur måtte jo turen takast innom der.
Image

Etter å ha fått installert internett las eg på forumet at Viljar nok ei gong var på tur nedover på desse kanter. Avtalte møte med han ved ein bilvask i nærheita.

Image
Vask og rens må til.

Så lokka Viljar meg med på tur. Og som han sjølv kommenterte i luftdoka tråden sin; bilda ER i kronologisk rekkefølge, dvs 10 minutt etter bilen var vaska var me ute i terrenget.... :shock:

Image

Image


Etter å ha parkert Doka'en bar det til fjells. Viljar var med som GPS og fotograf.

Image
Her var det slutt på asfaltert/betong veg.

Image

Image

Takk for turen, Viljar

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 05 Oct 2011, 15:55
by Tistlo
misunna deg ikkje i da heile tatt. da dar ser ikkje litt trivlig ut eingong............... :mrgreen:

kva var den ristinga som da var snakk om då? var da mellomakselen?

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 05 Oct 2011, 16:58
by Viljar
Syns du burde lagt ut bilde du tok der eg parkerte og, som viste tempen. :)

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 05 Oct 2011, 21:06
by bestyraren
Viljar wrote:Syns du burde lagt ut bilde du tok der eg parkerte og, som viste tempen. :)
Skulle gjerne ha gjort det, men det viste ikkje på bildet.... :x

Det er vel ingen der heime som trur oss uansett om me hade lagt ut bilde der det stod 36!!! grader, me hadde vel berre blitt beskulda for å manipulera bilda her inne.

Ikkje risting, men meir ei slags "knepping" (håper det ikkje er nokon danskar inne her på forumet...). Mistenkte eit kryss, men det var det ikkje i følge den lokale VW shop'en. Det var "noko med transmisjonen" men det var ikkje farlegt. Har heller ikkje høyrt noko meir til det.

Haustferie her no, så klar for safari i morgo.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Oct 2011, 21:08
by bestyraren
Lova trufaste lesere safari, og her kjem den.
Besøkte Safari Aitana, safariaitana.com og vedlagt ser de litt av intrykka derifrå

Image
Første stopp, hjå diverse hjortedyr, geiter og sebaer.

Image
Fleire svoltne dyr.

Image
Matvrak kjem i alle fasonger og størrelser...

Image

Image
Tid for fruktbasket med flodhestene, dei gapa og me kasta frukt :lol:

Image

Image
Her måtte dører og vinduer lukkes att.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Oct 2011, 21:16
by bestyraren
Ein villmann som eg ikkje fann i parken er den som her er på god veg under syncro'en min. Viljar kjeda seg og lurte på om me ikkje skulle få litt meir futt i bilen.

Image

Image
Får i alle fall nok diesel....

Fekk ikkje gjort noko med turboen i kveld, så det får vera uteståande til eg kjem meg opp på rampa Viljar synte meg.

Valencia-tur i morgo, Syncro'en får strekt på seg her nede, ja.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 07 Oct 2011, 20:54
by Tur-Bo
Du går i shorts og t-skjorte !! :x

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 07 Oct 2011, 21:27
by Viljar
Ja, var litt overskya, så det var mulig å gå såpass godt kledd! :)
Var ferdig å skru på min, så måtte gå på neste T3! :lol:
Et par glass kaldt weissbier og ein dupp i jacuzzien nå, så blir det ut på byen, T3-tur ned her kan anbefales! :D

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 09 Oct 2011, 20:15
by bestyraren
Haustferien vart avslutta med eit par dagar i Valencia.
Er ikkje meir enn 120 km dit og slik som bilen går no var det fort gjort. Det som ikkje var like fort gjort var å finne parkering inne i byen. Hadde hotell i den gamle bydelen og det som var av parkering der var parkeringshus, noko som ikkje er tingen med T3 og høgt tak....

Hadde runda forbi hotellet og det meste av gamlebyen 3-4 gonger når eg traff ein politimann som skulle forsøke å forklare meg vegen. Han kunne ikkje meir engelsk enn eg kan spansk så det enda med at eg såg han i bakspegelen der han stod og vifta og prøvde febrilsk å få meg over i rett fil..

Ny runde og prøvde så den fila han ville ha meg i, heller ikkje noko der men plutseleg så åpenbara det seg ein HØG port til eit parkeringshus.

Image

Eg var omtrent der bildet er tatt frå så det vart kryssing av nokre felt og litt tuting og ivrig armbruk rundt meg men på plass kom eg, og der hadde bilen det godt kan de tru.

Image

Besøkte katedralen, og labba rundt i den gamle bydelen i eit par dagar. For 8-åringen var det nok Gulliver parken som gjorde størst inntrykk.

Image

Alt i alt var Valencia ein koseleg by som trygt kan anbefalast. Skal i alle fall dit att.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Nov 2011, 21:09
by bestyraren
Har faktisk gjort litt med bilen ein ettermiddag; bytta olja og filter. Leigde meg plass på ein rampe på ein bensinstasjon som Viljar viste meg. Planen var at eg samtidig skulle skru opp turbotrykket litt, men eg kom ikkje til eller hadde verktøy slik at eg fekk ned beskyttelseramma. Må den ned, eller er det eit triks/verktøy som gjer at ein slepp dette?

Hadde sjølvsagt ikkje med kamera så eg legg heller ved bilder frå starten av Volvo Ocean Race. (Når vert det VW ocean Race, tru??) Årets race starta i Alicante no på laurdag.

Dei 6 startande seglbåtane tok seg eit par striper utanfor standa i Alicante før dei sette kursen mot dei 7 hav.
Image

Image


Rundt siste bøya før dei stakk til havs.
Image

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Nov 2011, 21:39
by avdem
Eg kom til justeringsskruen på turboen utan å plukke ned beskyttelsa. Du har kanskje dei tynnare platane på sidene på plass enda?

Brukte ei lita 1/4" skralle med ei lang pipe. Trangt men det går.

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Nov 2011, 21:41
by Viljar
Han har motorvarmer og, den står og i veien.
Fant du p-hus i Alicante, ute på moloen der, med hotellet? Kom inn med lastebil der om du ville. :)

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Posted: 06 Nov 2011, 22:00
by bestyraren
Viljar wrote:Han har motorvarmer og, den står og i veien.
Fant du p-hus i Alicante, ute på moloen der, med hotellet? Kom inn med lastebil der om du ville. :)
Juksa og køyrde Fiat.

Hadde eg hatt tid til å venta til turboen og eksosanlegget var kjølna hadde eg kanskje kunne lurt inn ein neve, men det ser krøkkete ut... Mangler eit ledd og to på underarmen for å lykkast, er eg redd.