Då har eg hatt bilen i tre veker, og eg har funnet ein del feil på den tida kan ein vel sei
Litt hadde eg jo rekna med, men eg synns lista blei litt lang...
Heisen:
• Den eine fjernkontrollen virker ikkje alltid. Av og til vil ikkje heisen inn og veldig ofte vil den ikkje opp og ned, sjølv om at eg høyrer det klikker i relea. Då må eg ta den store reservekontrollen.
• Påkjøringslemmen vipper seg skjeldan ned slik at det skal blir ein stoppekant når heisen heises opp fra bakken, dermed er det ingen stoppekant som hindrer meg i å rulla av heisen når den står oppe.
• Påkjøringslemmen kjiler seg av og til fast når heisen skal pakka seg inn i boksen, så då må ein hjelpa litt til.
• Heisen er veldig høg og eg sliter å komma opp på den dersom det ikkje er 100% flatt. Holder på å tippa på rygg mangen ganger.
• Ofte må ein trykke "heis inn" før ein kan trykke "heis ut" for å få den ut.
• Kontrollen har 4 knapper der samme knapp har fleire funksjonar ved at ein skifter til program 2, program 3 osv... Og heisen har ingen "styring/automatikk".
Program 1:
1 - Åpne dør, 2 - Lukke dør, 3 - Heis ut, 4 - Heis in.
Program 2
1 - Heis ned, 2 - Heis opp, 3 - sentrer heis.
NB! Heisen må heisas over senter før den kan sentrerast når den skal inn
På den 12 år gammle bilen eg har, så trykker eg f.eks heis ned, då går døra opp -> heis ut -> heis ned.
Når eg trykkte heis inn, då gjekk heisen opp -> heisen sentrerte seg -> heisen gjekk inn.
Dette var eit skikkelig bom kjøp! Håper andre blir advart. Sammtidig stikker den utfor kanalen og er meget lav under bilen i motsettning til min gamle...
Kjøreteknisk
• Eg har fått startknapp i bilen sida eg sliter med fingrane, men prinsippet forsvinner når ein alikavell er nødt til å vri om nøkkelen til tenninga er på før ein kan trykka start.
• Etter ca 2 timer kjøring, datt sjølve klaven som blinklysknappen står på av når eg sku blinka til venstre.
• 5 av 6 bryterhetter på håndgassen har allereie dutte av.
• Ofte går ikkje blinklysa på/av sjølv om eg presser hardt på knappane opp til mangen ganger. Eg kan bruka ca 15 sek før det f.eks går på eller av. Det er nok dei billige Clas Ohlson bryterane si feil. Men eg må innrømma at eg satt med hjerta i halsen då politiet låg bak meg og eg ikkje klarte å blinka i to av kryssa
• Knappane på håndgassen er fortsatt feilplassert som eg har tatt opp før.
• Cruise controllen virker ikkje sjølv om at knappen står på når eg trykker. Knappen er fløtta til håndgassen, men verken den eller den orginale knappen virker.
• Er ein borti ledningane på håndgassen, så kommer koblingane bakpå brytarane i saman og betjener funksjonar.
• Gaffelen (rattkula) på rattet tar borti rattet når eg svinger.
• Ved full dieseltank viser målaren at den er midt på reserve med varsellampe. Dette skuldes nok at den nye tanken er ein flat og lang tank, så målaren blir feil.
• Det er ingen sikkerhet på skyvedøra dersom ein sku klemstra seg. El.motoren jobber heilt til døra er inntil.
• Ledningane frå sikkerhetsbelte låsane er kappa. Får derfor ikkje varsel for setebelte.
• Får ingen varsel på at kjørelys/parklys/tåkelys står på når eg forlater bilen pga varslinga er orginalt kobla opp slik at ein må opna førardøra før ein får varselsignal. Dette signalet burde vær kobla til tenningslåsen, slik at ein får varsel i det ein skrur av tenninga sida eg aldrig bruker den døra.
Men det skummlaste er at setevarmen på førersetet ikkje er kobla opp mot setevarmen i bilen. Det kan stå på sjølv om varmen i bilen er av. Dette visste ikkje eg før far min fant ut at setet var ubehagelig varmt då han testa bilen. Dette kjenner ikkje eg og eg er utsatt for å få få brannsår pga min lammelse som gjer at ikkje kroppen klarer å regulera temperaturen som vanligt. Men me fant ein av/på knapp på sida på setet. Det er derfor enten full varme eller ingen varme.
Ellers er det litt slitasjer/skraper rundtom (helst på interriøret)...
Så då må vel bilen snart inn gjenn...

Håper eg får den gjenn i løpet av sommeren vertall
