Caravellen vår. 1998 TDI

T4-Prosjekter (Caravelle/Transporter 1991-2003)
Post Reply
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Etter ein del fram og tilbake enda vi opp med denne bilen:
http://www.autodb.no/cgi-bin/car/prospe ... ;username=

Har avtalt at alt av småbulkar og det som var av rust skal ordnast av selgar før vi overtek bilen, så då skulle den bli bra både teknisk og kosmetisk.
Store delar av bilen blir lakkert. Prisen vart til slutt 75000,- og det skulle vel ikkje vere alt for ille. Det som gjennstår då er å få ordna sentrallåsen. Låser seg av seg sjølv. Må halde oppe knappen på førardøra for å åpne den. (Feilen skal visst ligge i førardøra, og delen koste 5-600kr?).
Få i gong dieselvarmaren. Denne er koksa igjen.
Tips i.f.m. desse reperasjonane vert mottekne med takk.

Dette blir ikkje det heilt store prosjektet, men følgande skal gjerast.
-Bygge om til åttesetar. (Kjøpt, frå T4 GL, montert, og godkjent BT)
-Senke 40 mm (kjøpt frå koolart, montert og godkjent BT)
-Montere raude svart baklys. (kjøpt frå koolart og montert)

Håpar å kunne få litt tips her i denne tråden, ettersom dette er vår første Caravelle.
Last edited by Odne Laukeland on 13 Feb 2012, 17:22, edited 8 times in total.
esol
-
-
Posts: 193
Joined: 28 Sep 2007, 08:24
Location: Balsfjord

Post by esol »

Grattis med ny(gammel) bil!!

Tror du blir fornøyd.
Mvh
Erik Solvang

Caravelle t4 -98 lang utgave 2.5 tdi
Caravelle t4 -94 lang utgave 2.4 9 seter
Ford Galaxy -04 1.9 tdi
x-Caravelle t4 -95 kort syncro 2.4 9 seter
x-Caravelle t4 -92 lang utgave 2.4 9 seter

Har vag-com
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Bilde

Post by Odne Laukeland »

Eit bilde frå AutoDB
Image
Last edited by Odne Laukeland on 05 Feb 2009, 10:45, edited 1 time in total.
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Post by Odne Laukeland »

Har ikkje fått bilen enno, då den framleis er inne til lakkering. Dessutan viser det seg at den er førstegongsregistrert i slutten av 1997, så då ventar vi med omregistreringa til over nyåret. Mykje å spare på det. Reknar med vi hentar bilen i romjula.

Elles har eg fått tak i seter og selar som passar til bilen. Til og med rett farge og mønster:-). Trudde det skulle bli vanskeleg, men enda faktisk opp med å få tak i det eg skulle ha til ein vitig pris på under ei veke.

Dermed vart det litt pengar "tilovers," så då vart det bestilt senkesett og raude/svarte baklys frå koolart.
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Post by Odne Laukeland »

Då har vi hatt bilen eit par veker, og er vel sånn passe fornøgd så langt.

-Har fått reparert sentrallåsen. (Låsekassen i førardøra hadde ei defekt fjør og måtte bytast).
-Lappa saman x-antal ledningar ut til førardøra. (No virkar el-vindu).
-Måtte skifte bakre eksospotte, då eg fann eit hol i denne.
-Skifta olje og filter.
-Har montert senkesettet. Dette er faktisk den enklaste bilen eg har vore borti å montere dette på:). Skulle så få justert hjulstilling. Enda opp med å skifte alle bærekuler og eit endeledd på styringa. Kom på 7400kr. Men, no skal bilen begynne å bli bra, så eg håpar den sklir rett gjennom EU-kontrollen i alle fall.

-Skal også skifte bremseslangar framme og bremseveske.

Då gjenstår det å montert inn seta og få godkjent dette pluss senk hos biltilsynet. Manglar berre selane bak for å kunne starte med monteringa. Har heller ikkje fått montert baklyktene enno, men det er liksom ikkje det som hastar mest.

Skal legge ut nokre bilder når bilen er "ferdig"
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

"Nye sommarhjul"

Post by Odne Laukeland »

Gjekk på ein smell og kjøpte nokre brukte felgar til bilen. Lånar bilde av hjula på den bilen dei har stått på før.(Er vel ein kjend bil her inne). Syns desse gjer seg godt på Caravelle. Skal hente dei på laurdag.

Image
By odnen23

Elles er dei fleste seta på plass no. Manglar berre det enkle setet på 2.rad. Skal ordne dette i helga, samt få skifta bremseslangar framme. Då er bilen klar for godkjenning av seter og senkesett, pluss EU-kontroll. Håpar det går greit.

Skal få tatt eit par bilder av bilen med dei nye lyktene og senk så snart det vert tid og temperatur til ein utvendig vask. Syns faktisk det begynner å komme seg no. Gledar meg litt til sommaren. Trur hjula blir prikken over i-en:)
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Godkjend som 8- setar med senkesett

Post by Odne Laukeland »

Då er siste setet montert og bilen blei for ein time sidan godkjend som personbil. Vart ein heilt anna bil no. Romsleg og gode sete. Stort framsteg frå den trange bratte benken. Senkesettet er òg innskrive i vognkortet, så då skulle det meste vere på stell. :D

Har dessutan fått henta sommarhjula, og dei såg ok ut. Trur det blir bra til slutt.
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Bilder.

Post by Odne Laukeland »

Har vore stille her. Det er fordi eg annser det vesle prosjektet som ferdig.
Her er eit par bileter eg tok her om dagen. Nyvaska bil med sommarhjul.
Image
Image
Image
Odne Laukeland
Martin Sandvik
-
-
Posts: 4573
Joined: 31 Oct 2003, 13:11
Car: 2010 Multivan T5
Phone: 40204030
Location: Heggedal
Contact:

Post by Martin Sandvik »

Gratis, de gjore seg bedre på sølv farget bil.
Stian
-
-
Posts: 1924
Joined: 20 Oct 2004, 10:04
Car: 2004 Multivan
Location: 4353 Klepp st.

Post by Stian »

Meget pen bil det der. Syns lyktene bak passet veldig bra til sølvfarget bil. Men gir du deg allerede :) ?
Stian Korneliussen

2004 MULTIVAN HIGHLINE
Jørre
-
-
Posts: 946
Joined: 09 Nov 2003, 19:32
Car: T4 Transporter Syncro,
Phone: nittisøttentolvti
Location: Troms

Post by Jørre »

Pen og ren bil! Håper du tar noe innvendig også ",)
T5 4 Motion 07
T4 Transporter Syncro 03, lang utg
T4 Transporter Syncro 03, kort utg selges, reg som personbil.
T4 2001 med T5 Multivan Highline-seter, solgt, se link :)
http://vwbus.no/forum/viewtopic.php?f=56&t=10504

Jørn
gaedva75
-
-
Posts: 159
Joined: 29 Dec 2005, 00:22
Location: tromsø

Post by gaedva75 »

Fin bil. Blir sikkert å finne på små ting du vil ha bedre....;-)
Mvh
Gøran Edvardsen
mail: gaedva75@hotmail.com
solrikioo
-
-
Posts: 2578
Joined: 19 Dec 2004, 21:48
Car: Skoda Octavia 2014
Location: Drammen
Contact:

Post by solrikioo »

Et prosjekt blir vel aldri ferdig? Hehe.

Ser skikkelig bra ut!
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Post by Odne Laukeland »

Takk for gode tilbakemeldingar.
Er bra fornøgd med bilen no. Både baklyktene og hjula passa godt inn syns eg. Innvendig ser den vel ut som Caravellar flest. Grått GL interiør.

Ferdig var kanskje feil ord, men eg har i alle fall fått gjort det som skulle gjerast etter dei opprinelege planane. Elles så er jo dette konebilen, så eg trur eg heller legg meir tid i 16v-prosjektet mitt;)
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Så er det påan igjenn. Styringa har lenge vore litt slarkete, og no kjem det stygge lydar og den hakkar når ein svingar, så då er det berre å parkere og vente på at "ny" servotannstang som forhåpentlegvis dukkar opp i posten før helga. Det er vel sikkert enkelt å skifte kan eg tenkje meg. Det var litt trangt oppi der slik eg hugsar det.
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Då vert denne lagt ut for sal snart. Bra stand, 289000km. Ikkje så strøken som på bileta lenger, men ser framleis heilt grei ut. Litt rust, men ikkje noko alvorleg. Nye sommardekk og veldig bra piggfrie vinterdekk. Største minuset er vel at registerreima må skiftast om ca 10000km.
Odne Laukeland
Neergård
-
-
Posts: 5000
Joined: 17 Jul 2010, 01:46
Car: VW Caravelle 2000 comfortline 2.5tdi
Phone: 917 97 848
Location: Røra, Inderøy, Nord-Trøndelag

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Neergård »

Hei! Viser til ditt innlegg i min "ønskes" tråd.
Kan du ta kontakt med meg på mail? (desverre travelt på jobb, så det er enkleste måte, inntil videre.)
Jeg kan gjerne tenke meg noen bilder av rusten, og utover det kanskje litt inni.
håper vi kan bli enige om en avtale ;)
Frode Neergård

2000 VW Caravelle Comfortline2.5tdi - viewtopic.php?f=56&t=31428
NÅ TIL SALGS: viewtopic.php?f=9&t=39657
1994 Audi 100 2.5tdi ABT edt. (selges for rett sum!)
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Skal få lagt ut nokre bileter av bilen slik den er no, men eg får nok ikkje gjort det før helga. Litt hektisk akkurat no og eg må nesten få vaska bilen før eg tek bileter av den. Tok ein del rust rundt om bilen i fjor, så det er ikkje så ille no, men det vil nok kunne komme tilbake over tid. Umogeleg å stoppe når det først har komme. Men når det er sagt bør det ikkje vere noko problem å halde rusta i sjakk dersom ein pussar og flikkar litt kvar vår.
Odne Laukeland
Neergård
-
-
Posts: 5000
Joined: 17 Jul 2010, 01:46
Car: VW Caravelle 2000 comfortline 2.5tdi
Phone: 917 97 848
Location: Røra, Inderøy, Nord-Trøndelag

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Neergård »

Høres absolutt greit ut, er hektisk her også inntil helga kommer :-P
Kjenner godt til rusta ja, er noe med å holde den i sjakk, og at det ikke er for ille utgangspunkt ;)
Du skal ikke litt lenger nord/inn i landet sånn i rimelig fremtid da? Ellers så har jeg sjekka flypriser allerede :mrgreen:
Frode Neergård

2000 VW Caravelle Comfortline2.5tdi - viewtopic.php?f=56&t=31428
NÅ TIL SALGS: viewtopic.php?f=9&t=39657
1994 Audi 100 2.5tdi ABT edt. (selges for rett sum!)
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Slik ser bilen ut no:
Generelt utvendig:
Image
Image
Image
Innvendig:
Image
Image
Image
Image
Image
Ein del å plukke på, men framleis ein ganske fin bil, spesielt med sommarhjula på.
Last edited by Odne Laukeland on 23 Feb 2012, 19:04, edited 1 time in total.
Odne Laukeland
Neergård
-
-
Posts: 5000
Joined: 17 Jul 2010, 01:46
Car: VW Caravelle 2000 comfortline 2.5tdi
Phone: 917 97 848
Location: Røra, Inderøy, Nord-Trøndelag

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Neergård »

Heisann!
Har sendt deg en mail jeg, satser på dialog på mail fremover ;)
Frode Neergård

2000 VW Caravelle Comfortline2.5tdi - viewtopic.php?f=56&t=31428
NÅ TIL SALGS: viewtopic.php?f=9&t=39657
1994 Audi 100 2.5tdi ABT edt. (selges for rett sum!)
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Hei. Har ikkje fått noko mail. Spørs om det har skjedd eitt eller anna.
Odne Laukeland
Odne Laukeland
-
-
Posts: 173
Joined: 11 Nov 2008, 12:56
Car: T5 4 Motion
Phone: 90867026
Location: Sunnfjord

Re: Caravellen vår. 1998 TDI

Post by Odne Laukeland »

Då vart denne solgt fort og gale som "rep."- objekt etter at dieselpumpe-reima rauk. Kjem nok for sal att om ikkje så lenge. Då i strøken utgåve. Bra at den blir shina skikkeleg opp i alle fall.
Odne Laukeland
Post Reply