Page 1 of 1

Skifte drivaksling.

Posted: 07 Apr 2012, 14:43
by Costatus
Sist sommar kjøpte eg en gammel T4 med 2,4 diesel og firhjulstrekk, Og en heil masse kakling...no har eg kjøpt meg ein brukt aksling med heile mansjettar og tenkte det var på tide og ordne på det. Så eg har no løyst alt som trengs ute og tatt ut 6 skruar som held den indre knuten fast i flensen på akslingen som går inn i gearkassa. Men sjølv om eg har løyst desse 6 skruane så vil ikkje denne flensen sleppe... Først banka eg forsiktig på den, Så banka eg uforsiktig på den, så prøvde eg å vippe den av med eit stort spett, og no har eg såtte under ein jekk som løftar heile motoren...men denne flensen slepp ikkje taket.

Kva er det eg ikkje har forstått?

Re: Skifte drivaksling.

Posted: 08 Apr 2012, 08:55
by Koma
Du har fått akslingen ut av hjul-navet? Tar du den ut der først, så skal det egentlig bare være å dra den ut av flensen.

Re: Skifte drivaksling.

Posted: 08 Apr 2012, 14:55
by Costatus
Ja det var det eg trudde eg og, at det skulle vere berre å plokke den ut av flensen. Men det er altså her den sitte DØNN fast.
Eg har fått den ut av navet, har tatt av både øvre og nedre bærekule og navet er lagt til side så eg har god plass å komme til på.

No har eg brukt så mykje kraft for å prøve å få løyst dette at eg ikkje er overraska om eg har skada akslingen som går inn i girkassa. men den sitte fortsatt fast.

Kan det vere noke spesielt med akslingen fordi dette er ein synkro?