caravelle coach
Posted: 18 Sep 2005, 18:51
coach 90 mod. 112i
Hei
Eg har arva ein eldre caravelle frå far min, og det har i dei siste månadane dukka opp nokre småproblem.
Det fyrste som skjedde var at lys, vindusvisker, radio ikkje fekk straum når ein sette på tenninga. For å få på lyset er det no nødvendig å skru på lysbrytaren til venstre for rattet og blinke med langlyset. I ein mellomperiode gjekk det an å skru av og på tenninga nokre gonger før ein starta motoren, og på den måten få lys på bilen. Det er til å leve med, men nevner det på grunn av det som fylgjer.
Etter ein lengre tur frå vestlandet og nordover til Trondheim opplevde eg for fyrste gong at bilen ikkje starta på fyrste omdreining, noko den alltid har gjort. Det blei nødvendig å skubbe bilen i gang midt på sognefjellet. No skjer det kun unntaksvis at bilen startar med ein gong. Etter litt prøving og feiling har eg funne ut at motoren startar fint om eg har litt gass.
Om eg slepp gassen 3 sek. etter den har starta, dauer den. Det virkar som om den ikkje går rett på tomgang. Får den gå seg litt varm, går det greit. Eg brukar no å halde litt turtal på motoren etter den har starta. Med varm motor fungerer motoren som den alltid har gjort.
Etter at den har begynt å bli vanskelig å starte, har og bensinforbruket gått opp. Siste måling viste 1,4 liter på mila. Det vanlege har vore rundt ein liter.
Eg kan og nevne at lyddemperen på eksosanlegget er øydelagt.
Eg har nokre idear sjølv kva dette kan vera, men vil veldig gjerne ha innspel frå andre?
mvh,
Ottar Skjervheim