Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

T3-Prosjekter (Caravelle/Transporter 1980-1991/Syncro -92)
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Fekk endeleg sett meg nedpå og skal prøve å presentere bilen eg har kost meg med sidan tidleg i sommar.

Handla bil av Rune Post, måtte fylle tomrommet han etterlot seg når han var og handla Syncrodoka av meg for eit par år sidan.

Bilen var uregistrert og hadde ikkje vore i noko særleg bruk på ei stund men full av pågangsmot og heimlengsel la eg ut på vegen frå Hallingdalen og heimover.

Mange fristelser langs vegen............

Image

Med på lasset fekk eg diverse deler, bl.a 4 nye dempere som bilen sårt trengte. Etter litt skruing og bytte av deler kom den store dagen der eg fekk bilen godkjent og var klar for landevegen.
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Etter nødvendig teknisk gjennomgang stod litt kosmetisk forbedring for tur.

Så gjør vi så.....

Image

Skyvevindu skal på plass,men først lakkeres vinduskarm.

Image
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Har klokket nokre tusen kilometer med bilen i løpet av sommeren og hausten;
Ut på tur........

Over Tindevegen og Sognefjellet til Hunderfossen.
Image
Image

Camp på Hunderfosen
Image

Camp på Lagunen camping utenfor Strømstad
Image

Camp i Stølsheimen
Image

Surfetur til Stadt
Image
Der Postmeister
-
-
Posts: 12747
Joined: 31 Oct 2003, 17:22
Phone: 99454090
Location: Nesbyen, Hallingdal
Contact:

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Der Postmeister »

nesten som man angrer salget når man ser slikt. :)

flotte turbilder. Klør litt i feriegenet nå...
Rune Andersen

-1988 112i Transporter
-2003 Vr6 Transporter
-2017 TDi Transporter

Image
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Gir den ikkje frå meg så lett :D

Har funne ein bil som er brukande til svært mykje, og no etter at pop-anlegget kom på plass og er det jo turbil deluxe.

Tok ein runde med å skifte ut kjølevæske mot raud "evigheitsvæske", og det ser ut til at bilen er meir fornøgd med den enn den som var på tidlegare; temperatur varselet har eg ikkje sett siden byttet, bilen går litt kaldere og den kan stå på tomgang uten at temperaturen vert faretruande høg. Om alt dette kan tilskrives godvæska eller om det faktum at eg fekk rensa opp og skylt kjøleanlegget skikkeleg er sterkt bidragsgivende vites ikkje (eller, me veit vel alle at litt vask og rens gjer godt?).

Den store utfordringa no er bytte av eksosanlegg. Har eigentleg vore pågåande sidan eg henta bilen, men får ikkje løyst skruene frå turbo til eksosanlegg, rusta delvis bort og restane er fastbrent. Ser for meg at turboen må ned og på operasjonsbordet for å fåløyst desse skruene. Har eit par defekte turboar liggande og kombinert med eit overhalingssett til turbo er planen å ha ein "frisk" turbo å sette på plass.
Sunshine
-
-
Posts: 1069
Joined: 09 Jul 2005, 22:06
Car: SOLGT
Phone: 47886669
Location: Nordland, Mo i Rana

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Sunshine »

Spennende :)
Hvilke planer har du for bilen? Blir den med grønne skilter?
Blir det noen form for innredning i den?
Tommy Solheim
Tlf 478 tommy (86669)

Vw Touran 2,0 TDI
Member of team Syncronaut No 8
Kaffebord installert.

HUSK BILBELTET!
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Denne vert verande som 2 (3) seter framover. Er heil vegg der og den håper eg å få nytte av no til vinteren med mykje mindre kupe å varme opp. Får mykje lyd ut av stereoen og :lol:

Det som til no er av innredning er ei uttrekksseng eg snekra saman i sommar før me la ut på tur. Den kan skyvast saman så den nesten ikkje tek opp plass.

Tenkte stort i retning av div kjøleskap, bluss og vask ei stund men eg velger å beholde den som ein basic, down-to-earth bruksbil enn så lenge. Har handla meg fortelt OG markise hjå just kampers så planen er at det meste av campinga i framtida skal foregå utanfor bilen.
Der Postmeister
-
-
Posts: 12747
Joined: 31 Oct 2003, 17:22
Phone: 99454090
Location: Nesbyen, Hallingdal
Contact:

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Der Postmeister »

prøv å slip av mutterne ved pinneboltene på turbo så redder du de. Kjøp nye originalmuttere på VW.
Rune Andersen

-1988 112i Transporter
-2003 Vr6 Transporter
-2017 TDi Transporter

Image
Rapidspeed
-
-
Posts: 5167
Joined: 06 Feb 2005, 23:30
Car: -87 GL Syncro,-88 2wd aut GL
Phone: 95095170
Location: porsgrunn

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Rapidspeed »

Der Postmeister wrote:prøv å slip av mutterne ved pinneboltene på turbo så redder du de. Kjøp nye originalmuttere på VW.
nei.. protesterer på det absolutte villeste.. :mrgreen: :mrgreen: :mrgreen: bytt helst ut pinneboltene med rustfrie og rustfrie muttere.. bare rustfrie muttere er en stor lettelse til senere demontering..
-19 Tesla model 3 LR
-91 Caravelle westfalia TDI Syncro

Jan..
Member of GangsterCapCrushers...
Member of Vw Militaria Norway, syncrodust nr1
Der Postmeister
-
-
Posts: 12747
Joined: 31 Oct 2003, 17:22
Phone: 99454090
Location: Nesbyen, Hallingdal
Contact:

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Der Postmeister »

da angriper rusta andre deler. Ikke alltid rustfritt er til det bedre vet du. ;)
Rune Andersen

-1988 112i Transporter
-2003 Vr6 Transporter
-2017 TDi Transporter

Image
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Klok av skade skal ALT av bolter settes inn med kopperpasta ved montering. Har rustfritt eksosanlegg frå Brickwerks. Håpet er at dette ikkje treng løysast att, når det endeleg har flytta frå garasjen og til under bilen vel og merke... :oops: Og med, forhåpentlegvis, nyoverhalt turbo på plass bør dette holde i årevis. I alle fall så lenge det skal stå 1,6 i bilen.

Ang 1,6 og større motor; er jo slett ingen rakett men kjem meg fram og litt er det jo å hente på JX'en enno og. Men med så lågt forbruk som bilen har i dagens utgåve veit eg sanneleg ikkje om eg våger å røre noko som helst. Ligg på ca 1/3 av forbruket til min andre turbil :shock:

Første turbo ligg til "gjennombløyting" i diesel, håper å få delt den i løpet av morgondagen, mest for å stille nyskjerrigheita mi ang korleis ting ser ut inni..... Er skade på turbinhuset så eg veit ikkje om denne nokonsinne kjem på vegen att.
Der Postmeister
-
-
Posts: 12747
Joined: 31 Oct 2003, 17:22
Phone: 99454090
Location: Nesbyen, Hallingdal
Contact:

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by Der Postmeister »

nei men akkurat denne bilen må jeg si kanskje har vært den med mest futt i av dieselmotorene jeg har prøvd. Inkl den 1900tdk jag hadde i 16" min. Mulig den trudde den var 112hester etter møte med Postbilen her på gårdsplassen? :D
Rune Andersen

-1988 112i Transporter
-2003 Vr6 Transporter
-2017 TDi Transporter

Image
TaigAGreEn
-
-
Posts: 2720
Joined: 18 Dec 2003, 14:38
Car: T3 SYNCRO
Phone: 40492641
Location: Hemnes - Nordland

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by TaigAGreEn »

bestyraren wrote:Image
Flott bil!!

Hva er dette for hjul da?
Tage Vedal

T3-fan
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

TaigAGreEn wrote:
Flott bil!!

Hva er dette for hjul da?
Ja, eg veit; PINGLEHJUL :oops: , men eg kjøpte dei for felgane sin del, 6,5 x 15, ET 35

Gjorde heller ingenting at eg fekk med bortimot nye piggfrie Contact 5 dekk. Hadde stått på ein Scorpio nokre månader. Får sjå om det dukker opp nokre passande stålfelger i løpet av vinteren så desse vinterdekka kan flyttast over på dei og desse felgane får møte nokre AT dekk av eit eller anna slag.

Heilt greie felger
Image

Fyller bra utover, mangler berre litt vaksnare dekk, noko som kjem til sommaren.
Image
TaigAGreEn
-
-
Posts: 2720
Joined: 18 Dec 2003, 14:38
Car: T3 SYNCRO
Phone: 40492641
Location: Hemnes - Nordland

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by TaigAGreEn »

Synes det så bra ut eg :D
Tage Vedal

T3-fan
hansstef
-
-
Posts: 2055
Joined: 18 Jul 2009, 21:41
Car: T3 -86 SYNCRO GL 1.9TDK
Phone: 9-1-8-8-0-9-3-7
Location: Bergen

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by hansstef »

bestyraren wrote:Tok ein runde med å skifte ut kjølevæske mot raud "evigheitsvæske", og det ser ut til at bilen er meir fornøgd med den enn den som var på tidlegare; temperatur varselet har eg ikkje sett siden byttet, bilen går litt kaldere og den kan stå på tomgang uten at temperaturen vert faretruande høg. Om alt dette kan tilskrives godvæska eller om det faktum at eg fekk rensa opp og skylt kjøleanlegget skikkeleg er sterkt bidragsgivende vites ikkje (eller, me veit vel alle at litt vask og rens gjer godt?).
Du får dette til å høres ut som en smal sak, interessert i å poste en liten "evighetsvæske" tråd (kanskje i tips og triks) om hvordan dette gjennomføres til oss som ikke kan så mye, men som klør i læregenet? :D Eller om noen andre sitter på en bra link til noe lignende?
Hans Sæle
hunter
-
-
Posts: 1483
Joined: 14 Feb 2007, 13:11

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by hunter »

hansstef wrote:Du får dette til å høres ut som en smal sak, interessert i å poste en liten "evighetsvæske" tråd (kanskje i tips og triks) om hvordan dette gjennomføres til oss som ikke kan så mye, men som klør i læregenet? :D Eller om noen andre sitter på en bra link til noe lignende?
Tror du finner litt info her Hans :)
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Liten opdatering

Post by bestyraren »

Bilen har tjent meg trufast utover hausten men her ein dag oppdaga eg noko merkelegt. På tur i 15 blå vart varmeapparatet turtalsavhengig!? Ved roleg køyring blas det kun kaldt og motortempen steig. Sat ei stund og fraus før eg fant ut at når eg girde ned og fekk meir turtal så kom varmen tilbake. Hadde fortsatt 4 timers køyring før eg var heime men når eg fant ut av turtalstrikset gjekk det bra. Noterte meg at det hadde forsvunne litt kjølevæske så vel heimkomen måtte lommelykta fram og lekkasjen vart lokalisert frå den plaststussen som er innerst på toppen. Når den var komen av såg eg at det var godt gjort at ikkje den begynte å lekke før no.

Image

Image

Når den plastbiten var vel komen av såg eg at det var enkelt å komme til eit par av glødepluggane så eg heiv meg rundt og bytte dei og. Trangt å få bytta dei 2 under pumpa så eg går jula i møte med litt oppskrapa hender. Fekk bytta glødepluggane og montert tilbake kjølesystemet.

Ser ut til å halda tett men eg har mista temperaturmålaren i instrumentpanelet undervegs. Kven av dei 2 sensorane i denne plaststussen er det som sender signal til instrumentet? Har køyrt eit par mil med hånda bort i luftdysa som temperaturmålar men hadde håpa å få liv i sensoren att.

God jol til alle forumister :)
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Får svare meg sjølv, eg då. Er 2 ulike sensorer bak der og sjølvsagt hadde eg stokka om på dei 2. På det andre settet med sensorer var kontakten av samme farge som kontakten på ledningen så det var råd å finne ut kva sensor som høyrde heime på kva del av leningsnettet.

Fortsatt "brukte" den litt kjølevæske, sånn ca halvliteren på rundturen Voss-Oslo-Voss, la merke til at det pipla rundt plastskrua som held sensoren på tanken bak i motorrommet, la på litt tube-pakning og er no i gang med testkøyring for å sjå om det var dette som skulle til.

Har farta "landet rundt" dei siste vekene men sett svært få T3'ar forresten, er dei i vinteropplag eller har eg berre vore på feil stad?

Nyt vinteren, Syncronauter!

Steinar
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Vore lite anna aktivitet enn køyring dei siste månadane, men no har jobbane "hopa seg opp"; clutch som slurer ved større pådrag i 70-80km/t har eg levd med nokre månader men i går hadde eg ein dryppande "oljelekkasje" som synte seg å vera hull på eit dieselrøyr og i tillegg kom ladelampa på.

Får ta meg eit søk og sjå kva eg skal handle i tillegg til clutchen, meiner eg har lese noko om simmerring på veiva.

Dieselrøyr har eg på eine delemotoren så det håper eg er tett.

Får ta ein titt på børstene på dynamoen evt så er kanskje tida moden for eit litt "opp-jazza" laderele. Og sidan grove straumkablar alt er trekt fram i forbindelse med montering av pop-anlegg så kanskje skulle eg ha prøvd å skvisa eit lite batteri under passasjerseten. er berre det at eg har lydisolert det og det er perfekt plass for å oppbevare litt verktøy....

Jaja, ser eg ikkje vert arbeidsledig når eg kjem att frå havet. :?

Steinar Inge
VonZu
-
-
Posts: 1552
Joined: 05 Mar 2011, 11:42
Car: 91 Oettinger Syncro Multivan 3,2
Location: Hå kommune

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by VonZu »

Fin tråd! Håper du legger ut bilder under arbeidet, så vi amatører får med oss noe :)
ducce999s
-
-
Posts: 5759
Joined: 07 Aug 2009, 01:52
Phone: 9-1-6-0-9-7-9-0
Location: Rjukan / Oslo
Contact:

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by ducce999s »

hvis du tar ut hele motor ved bytte så skifte begge simringene på veiakselen, samt skifte nållager til drivaksel i motor.

vurdere også vannpumpe samtidig

finnet alt på brikwerks
SYNCRO1,9TD,SIKASYNCRO2,1,JOKER3 2,1++
TL 1600 Fastback -69
Opel GT 1900 -69
"I'm afraid that, when I die, my wife will sell my car parts for what I told her that I paid for them."
Paul G
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Hei, kjekt at andre enn eg sjølv er innom tråden og :wink:

Dieselrøyret eg hadde på eine delemotoren fungerte fint, det. Var bytta på 2 minutt, og starta direkte etterpå, utan nokon lufting etc.

Verre var det med ladinga; bytta børster (Biltema :( ) men den lader fortsatt ikkje. Lurer på om det kan ha samanheng med at heile motoren er dusja med diesel frå det røyret som lakk? Har vore litt diesel-skvetting rundt dynamoen og, får spandere ein vask og sjekke div kontakter.

Evt kva anna enn dynamoen kan det vera?

Når det gjeld clutch'en var planen å gjere det med motoren på plass. Fant ein tråd der det vert opplyst at det var mogeleg å droppe ned girkassa for å komme til. Vert nok til at eg prøver det, om eg ikkje skal hente inn ekspertise, då.

Nyt dagen!
Steinar Inge
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Re: Eventyrentusiastbruksbilen til Eventyrturisten

Post by bestyraren »

Har forsøkt meg på reingjering av dynamo, børster og "aksel" børstene går mot uten at det har gitt noko framgang. Har forsøkt med 2 ulike børster/regulatorer med samme resultat.

Ser i ein tidlegare tråd ang ladeproblemer at det nevnes ei "blå ledning" på dynamoen. Hjå meg har denne IKKJE 12 volt, snarare 1,5 eller der omkring. Når eg gir denne 12 volt direkte frå batteri forsvinn ladelampa i instrumentpanelet og eg høyrer at dynamoen endrer lyd-karakter. Klarer likevel ikkje å måle at den lader :(

Kva er misjonen til denne "blå ledningen"? Kun å mate ladelampa eller styrer den ladinga på eit eller anna uforklarleg vis? Rekner med spenninga eg måler på den kjem via dynamo, dvs dynamo gir ikkje 12 (14,6) volt? Eller skal den mate dynamoen med 12 volt for å "sette i gang" evt lading.

Blir rådvill av dette, tenkte det ikkje skulle vera så mange muligheiter for feil på dynamoer, og har ville venta med å handle ny før eg har bestemt meg for evt motorbytte.

Steinar Inge
bestyraren
Posts: 72
Joined: 13 Mar 2007, 20:01
Car: T4 Syncro
Location: Voss

Kva er det som lader med 14.4 volt?

Post by bestyraren »

Svar: Ein T3 med ny dynamo :)

Var lei av å ikkje kunne køyra T3'en så eg spanderte på den ny Dynamo. Trudde eg tok godt i når eg kjøpte ein 80 Ampere sak, men når eg plukka ut den gamle var det ein 90 Ah Bosch... Anyway, no lader den, det gjorde den ikkje før.

Med dette ser det og ut til at motorbytte har vorte lagt på is, berre å bytte clutch som står att no før eg har verdens beste bil att.

Klarde heller aldri å bestemme meg for om TDK var nok eller om eg måtte opp i TDI for å føle at eg hadde noko att for eit motorbytte. Med denne på vegen att har eg og kjøpt meg meir tid for å høyre andres erfaringer ang motorvalg.
Post Reply