Her er nokre bilder frå salsannonsa:



Bilen er forsåvidt heilt grei. Nokre små sinkslepp enkelte plassar, men generelt fin alderen tatt i betraktning. 174000km, aller servicar, bytta clutch, svinghjul og manifold ein gong allereie.
Det eg har fått gjort til no er å skifte brennkammer og glødeplugg slik at webastoen fungerar att. (Fann ut i ettertid at ei grundig reingjering nok hadde gjort same nytta, sidan den gamle pluggen fungerte fint).
Planen er å bygge om bilen til 7-setar med Multivan interiør. Upraktisk at den manglar vindauge, men eg har jo sag. Vurderte det slik at fordelen med at det er montert Caravelle-fangarar veg opp for at glas må monterast. Faktisk billegare med nye glas enn nye fangarar med lakkering. Dessuten var det ein del ting som tiltalte meg med bilen. AC, webasto, 20" sommarhjul med nye dekk, nye piggdekk, god service-historikk pluss at bilen er temmeleg velhalden.
I tillegg til ombygging til personbil står nye baklykter og senkefjører på lista, men dette vert nok ikkje gjort før bilen har fått kvite skilt. Det er heller ikkje utenkjeleg at bilen får ei lita elektronisk oppjustering av motoren.
Glasa har komme til Bergen, så dei dukkar nok opp i løpet av 2-3 dagar. Eg reknar med å få montert dei neste veke. Komplett interiør og bakre varmeapparat skal eg hente like over helga. Det blir slikt interiør, berre at det er til bil med to skyvedører.

By odnen23 at 2012-02-23
Elles har eg bestilt ei koseleg rekning frå tolldirektoratet:-(



























