trekkbilen blei dokaen sidan motoren er bedre i den enn på bussen, men i forkant av turen fekk eg skifta ut eindel veldig dårlig tenningsdeler og tanka opp med 98. ja, og på med orginalhjuler.. og vips var dokaen istand til å trekka 2500kg (prøvde å trekka ein stor lift på jobben) so då var da berre til å pakka hengar og stropper å reisa avgårdekåre.
turen gjekk fint og vel framme stod ein litt medtatt halvpanel i bilcross tunet til eigaren. "himamekk" var vist tingen der og bilen var malt mørkegrå med spygrønne detaljar.. smaklaust vakkert
bilen er altso ein 86modell syncro (seff) og vart kjøpt ny av Skånevik Ølen Kraftlag. er ein halvpanel med høg skillevegg, webasto ovn og 1,6td motor. motoren e forøvrig kaputt. so da blir 1.9 etterkvart. har fått tak i ein motor til han.
ellers ganske komplett med lite rust. invendig er den fin å blå so utsida skal returnerast i samme farge på sikt. vil i fyrste omgangen spyla den utvendig å sjå ka som skjer med lakken. trur grunnarbeidet er skralt.
ellers er vel planen å fiksa den opp og få den godkjent og so evt sjå på muligheiten for salg eller om eg ventar til den vert veteran å beheld den sjølv..












