Har den siste tiden fått ein ukjent ulyd i bilen min. Det høyres ut som om ein kjører på dårleg asfalt og øker i takt med fart ikkje turtall.
Lyden forsvinner når eg svinger til høgre.
Eg har jekket opp bilen og høgre fram hjul er litt laust når ein drar i det kl 6 og 12
Hjullager eller er det noko annet som kan vere verdt og sjekke?
Problem 2
Bilen er veldig treigstartet når det er kaldt ute, har byttet til 5w 30 olje akkurat, kan det vere dårlege glødeplugger? starter fint når motoren er varm.
Takkar mykje for alle svar

