Multivanen min stoppa her om dagen, og eg gjekk utifrå at den eine pumpedysa hadde tatt kvelden, (tidligare måling viste at ei var svært dårlig på verdien). Bilen ville ikkje starte, men var litt "etter".
Bytte dyse idag og testa om den starta før eg skrudde på toppdeksel. Den starta med ein gong.
Skrudde ihop resten av motor, front og slanger, og skulle starte den igjen, død. Oppførte seg likt som tidligare.
Eg tok av luftslangen som går frå turbo til intercooler, og då starta den og gjekk fint, men stoppa når eg sette slangen tilbake.
Har funne ut at det er høgt trykk i veivhusventilasjonen, for bilen starter og går når eg drar ut slangen som går frå toppen av toppdeksel og inn på innsuget. Det kjem og mykje olje ut der. Motor gjekk også med kun oljepåfyllingslokk av, men då regna det olje
Er det nokon som har vært borti liknande?
Kan eg ha oversett noko når eg monterte tilbake motor og toppdeksel?
Står litt fast her.
