T4 - Bytte av drivakslingar

Her kan du legge inn guider og forklaringer på diverse saker og ting.
Locked
Tæff
-
-
Posts: 814
Joined: 13 Oct 2007, 22:55
Location: Sogndal og omegn

T4 - Bytte av drivakslingar

Post by Tæff »

Måtte byte drivakslingar på min 93modell T4 diesel.

Så prøvar meg på ei lita "to doo list"

Verdt å nevne er at i følge møller så er det samme delenummer på alle drivakslingar på T4 både bensin og diesel, men dette er ikkje noko eg tør garantere. (akslingane eg sette på no er frå ein 91mod T4 pickup bensin).


1: Jekke opp bilen og sett på bukker. Ta av hjul (ei side av gangen eller begge) Skru også av bunntrauet under motoren for enklare tilgang

2: Skru ned Trosjonsfjærene. 27mm fastnøkkel eller laaang pipe. Du trenger ikkje skru den heilt ned. Eg hadde omlag 1cm bot igjen under mutteren. Obs...merk av kvar mutterane stod ved å tele gjengar eller enklare å måle med cm mål.

3: Løsne senterbolten, altså den i midten sett frå der du sitter og tar av hjulet. 23 mm pipe. Denne sitter relativt hardt så du trenger latmannsarm eller luftverktøy

4: Skru av heile "støtdemperoppsettet". Meiner det er 21mm mutter og skrue nede og 2 ganger 17 mm oppe. Ein skrue og ein mutter.
Bruk maskinspett og gummihammer for å banke det laust då det kan ha satt seg litt fast oppe under rammevangen.


5: Løsne nedre bærekule ved å skru av to boltar. På min bil var desse ikkje milimeter med tommar!!! obsobs! 5/8.(fant ut dette etter å ha dratt ein av skruane runde) Sat hardt så måtte bruke latmannsarm og luftverktøy og rustløysar.


6: Løsne 6 boltar som holder innerste delen av drivakselen fast. Desse er "12kanta torks" Du må ha universalledd og to forlengera på latmannsarmen. Vær obs. Disse må være dritkjipe ødelegge!


7: Lirke ut drivakselen ved å dra ut bremseskiva og navet samt legge styringa litt over til eine sida. Det er litt mekk, og tungt arbeid. Ein jekk kan nyttast for å løfte litt her og der.



Montering skjer i motsatt rekkefølge
Lurt å framleis ha bilen oppjekka når ein skrur opp torsjonen att.


Og vips så var bilen min fri for ulydar i svingar.....eg friskmeldte også motorfesta mine ettersom all slakk no var vekke ved gasspådrag/gasslipp.

Det er ein operasjon som for meg var prega av litt mikking og makking. Aksling nr 1 brukte eg heile 5 timar på då eg drog av den før nevnte bolten. Medan den andre gjekk på 1 time og 20 minutt knirkefri skruing inklusive test tur.

Kjøpte akselane med mansjettar komplett på Skessmo bilopphugging for 800kr stykke.

:) :roll:
Biler: høg byttefrekvens på bil eg?
Siste år:
95 modell Vw transporter...
90 modell Subarusyncro "Krøvel Velle" Frå Velle i ValleVoll solgt
94 modell Vw Caravelle 2,4 D "Monar"
90 modell Caravelle C "Gunnar"
Rikskringkastingen
-
-
Posts: 2785
Joined: 29 Oct 2007, 23:17
Car: T3 Syncro
Location: Re / Vestfold

Re: T4 Bytte av drivakslingar

Post by Rikskringkastingen »

Tæff wrote:
Verdt å nevne er at i følge møller så er det samme delenummer på alle drivakslingar på T4 både bensin og diesel, men dette er ikkje noko eg tør garantere. (akslingane eg sette på no er frå ein 91mod T4 pickup bensin).
Det er mulig at komplette aksler går om hverandre, men det er noe forskjeller ved et chassisnummerskille på årsmodell '94. Jeg lurer på om ikke det er forskjellig splines mellom selve akselen og ytre ledd.
Henrik Engen

'91 Transporter Syncro halvpanel 1,6td, ex NRK
'86 Transporter Syncro pickup 1,9wbx
'88 Caravelle C Syncro 2,1
'88 Transporter 2WD pickup 2,1
'87 Caravelle C Syncro 2,5tdi
'83 Transporter D Eurec Cassandra
Tæff
-
-
Posts: 814
Joined: 13 Oct 2007, 22:55
Location: Sogndal og omegn

Post by Tæff »

ok. Med andre ord er det viktig å sjekke opp med Merkeverkstad før ein evt handlar brukt =)
Biler: høg byttefrekvens på bil eg?
Siste år:
95 modell Vw transporter...
90 modell Subarusyncro "Krøvel Velle" Frå Velle i ValleVoll solgt
94 modell Vw Caravelle 2,4 D "Monar"
90 modell Caravelle C "Gunnar"
Locked