Har den Worhshop manualen som er på engelsk. den er OK men heller ikkje meir. Litt for lite detaljert når det gjelder feks plassering av boltar, lure triks i ludo osvosv.
Eg brukte kjettingtalje i taket for å henge opp motoren og gjorde difor følgande:
1 Skru av panseret for å kome til med talja
2 Fell ut fronten på bilen
3 Heng opp motoren i kjettingtalja. Eg nytta løftefesta som er plasert heilt til venstre på blokka i kjøreretninga. Festa eit solid tau med sjakklar til desse punkta og utligna slik at kvart tau var like mykje belasta.
4 Demonter alle elektriske koblingar til girkassa samt TA AV BATTERIPOLANE!!. Skru også av sjaltremekanismen til giren inklusive braketten og slavesylinderen til chlutchen.
5 Skru av Startbotoren
6 Løsne drivavslane frå kassa ved indre drivknute. EG enda opp med å fjerne heile venstre drivaksel frå bilen. Dette gav meg mykje meir plass å jobbe med (sjå eige innlegg om korleis dette vert gjort).
7 Løsne Venstre øvre motorfeste (både toppskruen og dei to som holder den til kassa.
Løsne bakre motorfeste og demonter alt (gjev betre plass)
Løsne bakre høgre motorfeste, altså det som er plassert ute mot høgre drivaksel. Demonterte også her alt for å få betre plass.
8 Løsne alle skruar og boltar mellom girkasse og motor. På min bils att det ein rett ved sidan av speedometerwire inntaket på kassa som eg hadde gløymt. Låg ein heil kveld å jekka og banna og herja før eg fant den ved ein tilfeldighet. så sjekk nøye!!! henger kassa veldig har du gløymt noko. når eg løsna siste bilten berre glei den av.
9 Jiggle og vigle kassa utover og senk den ned. her er det berre å mikke og makke. det hjalp godt å bruke litt kubein og senke og heve motoren litt med kjettingtalja og jekken.
Monteres i motsatt rekkefølge
Tils lutt nokon tips:
Få bilen GODT opp på kraftige bukkar. Sørg for att opphenget (både taua og ikkje minst festet i taket til kjettingtalja du nyttar er sterkt nok. Motoren og girkassa var svintung.
Få løsna alle boltane mellom motor og gir
få løsna alle boltane mellom motor og gir
få løsna alle boltane mellom motor og gir
Vær to når du sjauar kassa av og på. Det er etter mitt syn ein forutsetning når du gjer dette som meg uten løftebukk og gearkassejekk.
Hald styr og orden på alt av boltar og skruar.! Blei ein del skruar og eg måtte knote ein god del.
Ha eit breidt utvalg av verktøy. Spesielt diverse forlengarar og universal ledd til skralle og latmannsarm.
Ut over det er denne operasjonen ingen heksekusnt. Men det var tungt og det er veldig trangt og keitete i ein caravelle i forhold til Volvo 740 og 240 som eg har skrudd før. Så frykt ikkje denne operasjonen, men bruk tid og ikkje gi opp.
Kom gjerne med tilføyningar og feilrettingar
Mvh
Steffen

