har eit "lite" problem no. oljetrykket på ein motor eg har satt saman for ikkje lenge sidan har forsvunnet. dette er ein 1.9 tdk aaz-motor. etter å ha fått den isaman so gjekk den eitpar dagar i bruk + all kjøyringa under "innkjøyring" med lufting av kjølevatn etc. men so tok startaren kvelden og bilen vart ståande ute i kulden eitpar dagar. når eg fekk bytt startaren so ville ikkje oljelampen slokna etter oppstart, so eg sløkte den raskt og kontrolerte oljemengde/lekkasjar. alt såg bra ut. tenkte då att oljetrykksbrytaren sikkert var litt treig. so eg fyrte opp og ignorerte blinkinga i dashen. og heldigvis, etter ca 3min so var oljelampen vekke.
deretter stod bilen i kanskje 4dagar, når eg då fyrte opp so slokna ikkje lampen etter 5min og eg vart bekymra. skifta litt på brytarane men da gjor ingen utslag. testa idag med analog oljetrykksmålar rett innpå der trykkbrytaren står over oljefilteret.
0 oljetrykk, null olje
kva kan ha skjedd?? noko har med andre ord "skjedd over natten" ingen synlige lekkasjar, ikkje for lite olja. eg mistenker att skruene til oljepompo og sugerøyret på ein eller an måte har løysna litt sånn att den ikkje pompar olja i da heile tatt, eller suger falskluft. KAN da i da heile tatt vera noko andre ting?? merklig er da uansett, for eg tighta til oljepompeboltane pr bently med rett nm og alt
vist nokon har noko idear er da berre å spotta ut!






