Her er den "nye" bilen min. Då Reimo skulle selja bubilen sin, var eg raskt på plass og fekk tak i denne bilen

Eg har fått bilen heim og konstatert at registerreima må skiftast, då dette ikkje er blitt gjort dei siste 22 åra

Motoren er gått under 30 000 km desse åra.... Bilen ber prega av å vera velholdt og kong rust ser stort sett ut til å halda seg på avstand. Sålang har eg: støvsugd, rensa seter og puter og vaska litt hist og her. Eg har vore under bilen og smurt opp giroverføringar og konstatert at her var det ingen rust

Dørlåsar, hengsler og liknade er blitt smurt opp, stramma og justert. Alt går lett og fint.
Ting som må gjerast:
- Montera hovudstraumsbrytar på bilen - (det er noko som tappar batteriet)
- Skifta register-reim - verkstadjobb
- Få sambuaren til å forstå at bilen ikkje ser "løyen" ut, men at han har sjarm
Slik ser bilen ut inni:
