Har bytta ut min 98-mod. Transporter TDI med ein 2005-mod. No har eg nettopp testa bilen ut på ferietur. Det er kort sagt ein herleg bil å køyra, med svært gode køyreeigenskapar (som alle på dette forumet sikkert veit).
Men så oppdagar eg diverse småting som eg ikkje forventar av ein ny bil:
- Rust i dørhengslane til begge kupé-dørane.
- Rust rundt skruer i "trekanten" som held skyvedøra på plass i sporet nede.
- Etter ein liten tur på grusveg har skiljeveggen løsna - og lagar no eit frykteleg bråk. Det knitrar, knakar og syng for kvar minste dump i vegen!
- Etter eit veldig regnver sist natt oppdaga eg to små vasspyttar på golvet bak, ikkje langt frå bakluka.
Er slike små-feil vanleg på desse T5-bilane?? Eller er dei generelt mindre solide?? At ein ny bil skal vera vasstett, er det minste eg ville forventa.
Møller skal ta bilen inn for å utbetra, men kva har eg i vente når eg får såpass mykje småfeil på eit så tidleg tidspunkt? (Bilen er som sagt 2005-mod., har gått ca. 13.000 km).
Andre som har erfaringar?