Det betyr nok at bilen har rusla og gått uten dei heilt store protestane.
MEN, her om dagen fekk eg "stressblink" på venstre sida. Måtte ut og banke på blinklysglasset for å få det til å virke att. Etter eg kom heim tok eg av blinklyset og pussa kontakten for å unngå slike problemer langs vegen.
Har sjølvsagt vore litt anna og undervegs; bytte tankmåler i vinter, litt drivledd her og der og bytta ei opphengskule.

Vart kvitt litt lyder frå akterenden når denne var bytta ut.
Så stort sett har den vore i bruk, som f.eks her på ville vegar

Dei skarpaste blikka ser kanskje at det er komne nye dekk og felger på bilen. Ruller no på Dotz Hanzo felger med 235 dekk, utan å ta borti nokon stad.
Uteståande jobb no er å få kontroll over kjølevifta for turboen att. Den begynte plutselegt å gå konstant. Quick-fix'en var å plukke av kontakten. Har prøvd å bytte begge sensorene i plasthuset på toppen uten suksess. Las også noko om eit rele, var det 53 tru som eg og har prøvd å byte ut. Heller ikkje hjelp i det.

