Bilen er ein Syncro konvertert til Subarumotor. Sikkert nokon som kjenner denne bilen her.
Plutselig og utne forvarsel fyker temperaturen i været og eg må stoppe og lufte kjølesystemet ved å kjøre snuten opp i ein bakke og skru opp lufteskruen på grillen. Dette har eg måtta gjort tre gangar dei siste omlag 1500kilometerane. I helga skjedde det da eg opererte framre varmeapparat, i dag skjedde det etter at eg hadde parkert...funne ut at eg hadde gløymt lommebok og mobiltelefon på eit klatrefelt og skulle kjøre tilbake...200 meter heimanifrå skøyt tempen i været og eg måtte lufte og herje ei god stund før eg fikkv atnet til å sirkulere.
Bilen har bytta toppakningane for kort tid sidan og problemet var der såvidt eg veit før dette også.
Kjølesystemet er vacumtesta utan teikn på lekasje
Kjølesystemet er sjekka for Hydrokarboner utan resultat
Vender meg til forumets folk i håp om å få eit svar på kva dette kan vere, for eg står no på bar bakke kva dette angår.


